top of page
Brørene

Brørene er saman med Mosvarden det mest nytta turmålet på Ulsteinsida. Fjellrekka består av tre toppar med ulik høgde. Storebroren er den høgste, og ragar over dei omliggande toppane, Mosvarden, Sarshornet, og Tørlinghaugane. Det er dritbratt ned mot Brørevatnet, og vinterstida bør ein vere merksam på at skavlane kan stikke fleire meter ut. Nedstigninga til Brørevatnet kan brått verte i snaraste laget om ein tek seg ut på skavlane. Ulsteindalen, Mosvarden, Brørene, Sarshornet, og attende, er en klassikar blandt søndagsturar. Turen er høveleg for alle, både sommar og vinter, og Brørene skuffar skjeldan for dei som er ute etter kuling i kasta og rim på barten.

Indreflødalen frå Brørene
Sarshornet og Breidfjellet frå Brørene
Indreflødalen
Brørene
Mosvarden frå Brørene
Brørene
Sarshornet og Breidfjellet frå Brørene
Brørene
Brørene
bottom of page