top of page

Fotokurs

Dei fleste som vil lære bort fotografering, er folk som kan fotografering, og har halde på med det så lenge at dei har gløymt kva dei ikkje kunne då dei starta. Her er eit nyskapande nybyrjarkurs. For nybyrjarar, av nybyrjar, og på eit språk som knappast kan tydast av nokon som er fødde i dette århundret. For å toppe det heile har eg lagt på ein skikkelig irriterande bakgrunn.

Alle kamera har ei auto-innstilling. Denne kan brukast til å ta bilder, men kan ikkje til fotografering. Auto betyr at kameraet justerar innstillingane etter lysforholda, og brukar gjennomsnittlege verdiar som ikkje skal ødelegge bildet fullstendig. Disse innstillingane vil ikkje fungere bra når motivet er i bevegelse, sidan kameraet ikkje veit kor raskt motivet bevegar seg. Ikkje vil det fungere i dårlig lys sidan kameraet ikkje veit om vi brukar stativ og kan bruke lange lukkartider. Kameraet kan heller ikkje vite om vi vil bruke liten eller stor blendar for å bestemme kva som skal vere skarpt i bildet. Skal ein få kontroll over det som skal fotograferast må ein bruke M.

Når ein har valt M, er det tre ting som kan stillast inn for å få rett eksponering. Lukkar, blendar, og ISO. ISO er best på 100, og der kan han stå til vi måtte få bruk for han. Vi kan derfor starte men blendar og lukkar. Dissa må miksast til vi får rett eksponering. Rett eksponering visast gjerne som 0,o i displayet, eller det kan vere ein markør som skal sentrerast på ein skala. Dette kan vi til dømes finne på F8.0 og 1/125 sekund. Dette er vel og bra, men det viser seg også at vi finn rett eksponering på F9, 1/60 og F11, 1/25. Om ein prøver seg fram , finn vi ut at kvar einaste F-stop kan gi rett eksponering, og blandar vi inn ISO vert muligheitene enorme. Vil vi då få likt resultat ved dei ulike kominasjonane som alle gir rett ekspponering? Nei, resultatet vert faktisk svært så ulikt i kvar si ende av skalaen, og kva vi skal velge kjem ann på kva vi skal fotografere. Vi må bestemme oss for kva for blendar , eller lukkar vi vil bruke for motivet vi skal fotografere, og justere motparten til vi har rett eksponering.

Kamera og basisinnstillingar
Blendar

For stilleståande motiv vel vi blendaren vi treng, og lar lukkaren gi seg sjølv. Skal vi til dømes fotografere ein person framfor ein uklar bakgrunn vel vi ein lav F-stop. Til dømes 1,8 om objektivet går så langt. Når vi fokuserar på personen vil bakgrunnen komme ut av fokus. Det vil også fungere slik at personen kjem ut av fokus om vi fokuserar på bakgrunnen, og både forgrunn og bakgrunn kjem ut av fokus om vi fokuserar midt mellom. Slik lav F verdi vil gi svært kort lukkartid i godt lys. Skal vi derimot fotografere eit landskap og ønsker heile bildet like skarpt, vel vi ein høg F-stop. Til dømes F22. Både heilt nært, og uendeleg langt borte vil då vere i fokus. Brukar du F22 i normalt dagslys, vil det gjerne tilsvare ei lukkartid på eit sekund eller meir. Du er då avhengig av å sette kameraet på stativ. Den maksimale blendaren du kan bruke handholdt kjem an på lukkartida den tilsvarar.  1/50 sekund lukkar er kanskje den kortaste ein kan bruke utan stativ. Dette tilsvarar gjerne ca F11 i dagslys.

 

Ting å ta omsyn til:

- Alle objektiv har ei blendaråpning som gir skarpast bilde. Såkalt sweet spot. Dette ligg gjerne mellom F7-F9. Ein bør derfor unngå å bruke største, eller minste blendar. Særleg på rimelege objektiv.

-Minste F-stop gir eit smalt fokusområde. Smalare til nærare du er motivet. På dette stillet kan du risikere at nasa på ein person vert i fokus medan øyrene er uta av fokus.

-F22 er eigentleg F/22, der F er lengda på objektivet. Eit 50mm ojektiv har ei blendaråpning på 2,27mm på F22, og 27mm på F1,8. Altså er 1,8 største blendar, medan F22 er den minste.

-Om ein myser mot ein lyktestolpe, får lyset ei sjerneform. Det same skjer med kameraet. Lita blendaråpning gir derfor eit heilt andre bilder av lys i mørket en store blendaråpningar.

Lysåpning på F22
Lysåpning på F2,0
F22 med fokus på midterste figur
F1,8 med fokus på midterste figur
F1,8 med fokus på næraste figur

Døme på ulikt fokus og blendar. Vi ser at også F22 gir uklar bakgrunn. Dette fordi motiva det er fokusert på ligg svært nære kameralinsa. 

Lukkar

Skal ein fotografere ting i røyrsle,  må ein bestemme lukkartida, og justere blendaren etter dette.  Enten ved korte lukkartider for å få motivet i røyrsle skarpt, eller lange lukkartider om ein til dømes ønsker sløra vatn. Ein person i bevegelse låsast gjerne ved ca 1/100 sekund, medan ein fugl som flaksar med vingane krev 1/1000 for å bli skarp. Kvar disse grensene går, kjem an på lengda på objektivet, og avstanda til motivet. Her lyt ein prøve seg fram. Får du skarpe bilder med ei 50mm linse, vil du ikkje få dei like skarpe med ei 200mm med same lukkartida. Tek du bilder av stjernehimmelen med ein 14mm, kan du bruke 30 sekund lukkartid uten at sjernene blir til strekar. Med 200mm får vi strekar etter få sekund lukkartid.

 

Ting å ta omsyn til:

-Med korte lukkartider er du avhengig av svært godt lys.

-Med lange lukkartider og stativ bør ein bruke timer, eller fjernkontroll for å ikkje bevege kameraet når du trykker på utløysaren.

-Etter lengste lukkartid du kan stille på kameraet, finn du bulb. Her kan du eksponere så lenge du vil. Du bør bruke fjernutløysar for å starte og stoppe eksponeringa for å unngå å bevege kameraet.

1/30 sekund eksponering
3,2 sekund eksponering
ISO

Dersom lyset ikkje tillet deg å bruke den blendaren du ønsker innafor "handhalt lukkartid", kan du stille opp ISO til du når rett eksponering. Det same gjeld om du treng ei viss lukkartid for motiv i bevegelse, og ikkje når rett eksponering ved minste blendar.

 

Ting å ta omsyn til:

--ISO skapar støy, og det er bedre å bruke stativ og lang lukkartid enn å skru opp ISO.

-ISO opp til 1600 går bra for dei fleste kamera. Etter dette blir det lett mykje støy.

ISO 100, 4,0 sek
ISO 8000, 1/20 sek
ISO 1000, 0,5 sek
ISO 16000, 1/30 sek
ISO 4000, 1/8 sek
ISO 25600, 1/50 sek
Filter

Polariseringsfilter gir stor effekt på fargar og kontrast i sollys. Særleg når sola kjem inn frå sida. Når ein peikar kameraet mot himmelen og vrir på filteret, kan ein sjå at himmelen vert mørkare utan at lanskapet ellers blir det. Dette gjer at det vert lettare å få rett eksponering av landskapet utan å få utbrent himmel. Tek du bider av ei vassflate, kan du justere kor mykje vatnet skal reflektere ved å vri på filteret.

Gråfilter kjem i fleire styrkar. Mest vanleg er ND2-ND400. Hensikta er å sleppe mindre lys inn til sensoren, og dermed kunne auke lukkartida. Typiske bruksområder er å få sløra effekt av elvar eller sjø.

Gradert gråfilter finn vi som firkanta glassplater som skyvast ned foran linsa. Hensikta er å dempe den lyset frå himmelen, og dermed kunne hente ut meir detaljar frå lanskapet under. spesielt nyttig om du ikkje brukar etterbehandling. I t.d. Lightroom kan du legge på ei slik gradering i etterbehandling.


Ting å ta omsyn til:

-Ver varsam med polariseringsfilter for vidvinkelobjektiv. Til dømes 10-20mm. Ved full effekt vil fargen på himmelen variere mykje frå senter til sidene. Fyll med i søkaren, og vri litt tilbake.

- Du finn gjengar fremst på linsene for å skru i filtera. Diameteren står merka på linsa. På fish eye linser og ein del av dei vidaste objektiva er det ikkje mulig å bruke denne type filter.

Forvrengning

Forvrengning er eit problem vi merkar best på vide linser. Skal du ungå dette må du stå i senter framfor motivet, og halde kameraet i senter også i vertikalretninga. Tek du bilete åv ei 20 meter høg bygning skal du vere unormalt høgreist for å oppnå dette. Sjølv om du står perfekt plassert i forhold til motivet vil du likevel få ei tønneform på bildet. Ved etterbehandling er ikkje dette noko problem, då program som Ligtroom justere denne effekta automatisk om linseprofilen ligg inne. Er du ikke i senter av motivet vil du sjå at bygninga smalnar inn mot toppen. Sidevegs vert det enda verre, og i verste fall kan bygningar eller trær i utkanten av bildet helle 45 grader. Dette kan rettast manuelt i etterbehandling, men gjer også at du endar med kraftig beskjering.

 

-Det er særleg på vidvinkelobjektiv dette er ei problem. Opp til ca 22-24 mm for fullformat, og opp til 16-18 mm for aps-c

Barreling
Barreling justert i Ligtroom
Forvrengning ved lavt perspektiv
Retta i Lightroom med nødvendig beskjæring

Døme på forvrengning med 14mm objektiv på fullformat kamera.

Kvitbalanse

Kvitbalansen er viktig for å få fram korrekte fargar på bilda. På kameraet kan denne settast på auto, og i dei fleste tilfella er dette tilstrekkelig. Er det snø, vil ein derimot ofte sjå at denne verte for blå. I etterbehandling kan dette enkelt justerast, men om du brukar bilda direkte må ein vere merksam på at ulike lysforhold krev ulik innstilling av kvitbalansen.

Fotgrafering i praksis
I sola

-Sola gir vel skarpe kontrastar mellom lys og skugge. Peik kameraet mot dei lysaste partia for å justere inn eksponeringa. På kameraskjermen kan skuggane sjå mørke ut, men dette kan lysnast svært mykje i etterbehandling. Brukar du dei mørkaste partia for lysmåling, risikerar du at dei lysaste partia vert utbrent. Dette kan ikkje hentast fram att i etterbehandling. 

 

-Fotograferar du mot sola er det lett å få solstålar direkte inn på linsa. Korleis dette tek seg ut, kjem an på eigenskapane til objektivet, og eventuvelle filter. Det er ein irriteranda stor muligheit for at bildet blir ødelagt, og at du ikkje oppdagar det før du lysnar skuggane i etterbehandlinga. Hald gjerne handa over framparten av solskjermen og blokker uønska solstrålar. Fyll med i søkaren for å finne beste posisjon før du tek bildet.

 

-Beste lyset å fotografere i er tidlig på morgonen, og seint på kvelden. De er skuggane mjukare, og vi får eit mykje betre resultat.

F10, 1/200sek
F25, 1/320sek
I mørket

-Bilder i mørket med gatelys blir best før det blir mørkt. Rett etter lysa blir tend er det framleis nok lys til å få med detaljar utanom det som vert opplyst av kustig lys. Seinare vert kontrastane for store, og gatelysa vert lett utbrent før ein rekk å få med detaljar i mørket rundt.

 

-Er det stjeneklart, gir stjernehimmelen nok lys til å få mykje detaljar i lange eksponeringar. Ein bør prøve å unnga sterke lyskjelder i motiva. Det høver seg godt å lyse opp deler av forgrunnen med lommelykt. Det er nok med eit par sveip med lykta.

 

-Er det fullmåne kan du få resultat som ser ut som dagslys, med stjerner. Månen gir nok lys for lanskapsbilder rundt F2.8. Med vidvinkel går det fint å fokusere mot ei stjerne, og likevel få relativt skarp forgrun.

 

-Stjernehimmelen fotagraferast best med vidvinkel. Ca 10mm for aps-c, og 14mm for fullformat er god sort. Objektiva bør ha minste blendar på F2,8 eller bedre. 30 sek eksponering på minste blendar, og ISO 1600 blir bra. Er det nordlys bør ein prøve lukkartider ppå 5-10 sek, og kompensere med høgare ISO for å fange bevegelsane i nordlyset.

 

-Stativ er sjølvsagt naudsynt. 

Melkeveien 14mm, F2,8 20sek, ISO 1600
Fullmåne 14mm, F2.8, ISO800
24mm, F16, 20sek, ISO100
Nærbilder (Macro)

Dei fleste objektiv har ei nærgrense på 20-50 cm. Nærare en dette går det ikkje å fokusere. Med ei macrolisnse kan du fokusere mykje nærara. Ei rimelig løysing er mellomringar som settast mellom linsa og kamraet. Dette gjer alle linser til macrolinser. Kvaliteten på disse er ikkje nøye med, og dei rimelegaste typane fungerer heilt greit. Med macro blir fokusområdet veldig smalt fordi du kjem så nær motivet. Tek ein bilde av ei fluge på lavaste blendar, vert kun augene i fokus. Skal du ha heile fluga i fokus, må du opp til F10-F11, og relativt lang lukkartid. Dette er ikkje kompatibelt med fluge, då dei ikkje likar å sitte i stille.

F11, 1/25 sek, ISO 200
F18, 1/125 sek, ISO 1600

Macrobilder tatt med 35mm og mellomringar.

RAW eller jpg

På dei fleste kamera kan ein velge å lagre bileta i RAW-format eller jpg. Om ein ikkje nyttar bildebehandlingsprogram kan ein nøye seg med jpg. Ei jpg-fil er typisk på 120 kB, medar ei tilsvarande RAW-fil er 24MB. RAW-fila inneheld mykje meir data som kan hentast fram i biletbehandligsprogram som Lightroom. RAW fila er temmeleg blass frå kameraet, og må etterbehandlast for å få fra eit ferdig resultat. Ikkje ulikt negativar frå analoge kamera.

Etterbehandling og utstyr

Etterbehandling av bilder er halve moroa med fotografering. Tek ein bileter som råfiler er det også naudsynt for å få eit ferdig resultat. Korleis ein skal gå fram i til dømes Ligtroom, finnast det masse instruksjonar om på You tube. Lettfatteleg og greit for alle å lære. Her vil eg ta for meg dei viktigaste fordelane med etterbehandling.

 

-Lysne skuggar. Det er svært vanskelig å få fram detaljar i skuggana samstundes som du ikkje brenn ut himmelen eller lyse parti. I etterbehandling kan du lysne skuggane og justere ned høglys. Er himmelen framleis for lys, kan ein legge på graderingsfilter digitalt. Slike filtersystem er både tungvint, og dyre om ein skal bruke dei medan ein fotograferar.

 

-Justere eksponeringa. Sjølv om ei har rett eksponering når ein tek bildet, er det ikkje alltid det er dette som tek seg best ut. Kanskje blir resultatet bedre ein anelse undereksponert. I etterbehandling er det enkelt å prøve og feile.

 

-Linsekorreksjon. Dette gjerast automatisk i Lightroom, og fører til at kurvaturen linsa skaper blir flata ut. Bua horisont og bygningar blir automatisk retta opp.

 

-Vignettering. Mange linser har ulik grad av mørke skygger i hjørna på bilda. Dette fjernes i likskap med linsekorreksjon.

 

-Crop. Det er ofte vanskelig å bestemme seg for kva som skal vere med når ein tek bildet. I etterbehandling kan ei prøve seg fram med forskjellige utsnitt.

 

-Rette opp horisont. Sjølv om du brukar  horisontlinja i kameraet er det lett å bomme med eit par grader. Verkar kanskje ikkje som noko katastrofe, men er skrikande irriterande når ein legg merke til det.

 

-Fjerne støvkorn. Når ein bytter linser kjem det lett støkorn på sensor. Særleg pollen klistrar seg fast. Disse kan vise godt på bilda. Særleg ved lange eksponeringar. I etterbehandling er dei enkle å fjerne.

 

Før
Etter

Døme på etterbehandla råfil i Lightroom

Kamera
Sony A7II og Nex6

Eit systemkamera er eit must om ein vil fotografere. Systemkamera er ein fellesbetegnelse for kamera med utskiftbare objektiv. Dei kjem i fire ulike hovudgrupper.

 

Fullformat speilreflekskamera er dei største og tyngste. Dei høver seg best for journalistar som ikkje betalar utstyret sjølv, og folk med svære trenøvar. Fordelen framfor speillause fullformatkamera er raskare autofokus.

 

Speillause fullformatskamera er mykje mindre, men krev like store objektiver, så vinninga med mindre kamera, går litt opp i spinninga.

 

Fullformatskamera er bedre under svake lysforhold, og litt bedre dybdeskarpheit.

Speillause Sony A7II og Speilrefleks Nikon D5

Speilreflekskamera i aps-c format, eller crop, som det også vert kalla, er mindre enn fullformat speilrefleks, men større enn speillause fullformat. Fordelen er at objektiva er mindre, og utstyret demed vert betydelig lettare.

 

Speillause crop kamera er den minste og lettaste kombinasjonen av kamera og objektiv.

 

Crop kamera er generelt mykje rimlegare enn fullformat, og har ein fordel med rekkevide. Ei 200mm linse på fullformat, vil verke som 300mm på eit cropcamera. Ein kan sjølvsagt tenke at bildet på FF kameraet kan beskjerast, og gi same utsnittet, men med det forsvinn det mykje pixlar, og resultatet kan likevel ikkje samanliknast.

Sony -nex6 (Tilsvarande A6000/6300) og Canon EOS 70D

Objektiv
Objektiv
Zoomlinser

Zoomlinser kjem gjerne tre hovudgrupper. Vidvinkelzoom 16-30mm, normalzoom 24-70mm, og telezoom frå 70-200mm, eller 150-600mm. På fullformat er 200mm svært lite tele, og knat nok på cropsensor. Skal du til dømes få eit fornuftig bilde av ein fugl, må du opp i 500-800mm

200mm på A7II
200mm på Nex6

"Spurv" tatt med 200mm på fullformat og crop. Avstand: 2 meter. 

Zoomlinser er i hovudsak lyssvake. Typisk F4, eller F3,5 til F5,6. Lyssterke variantar på F2,8 blir gjerne svært store, og grisedyre. En zoom vert eit komprimiss på fleire områder, og kan skjeldan konkurrere med fastoptikk i biledkvalitet. Det kan lønne seg å unngå dei rimeligaste zoomane. Kitlinsa som kjem med kameraet er oftast i denne kategorien.

Fastoptikk

Fastoptikk, eller prime-linser, er mindre kompliserte enn ei zoom. Dei er mindre, og meir lyssterke. Gjerne F1,8-F2,8. dei kjem i alle prisklassar, og manuelle tredjepartslinser kan ofte by på utmerka kvalitet for ein billig penge. Skal ein dekke behova med primes, treng ein til dømes:

-14mm: Denne er fin til nattmotiv, stjerner og nordlys. Kan gjerne vere manuell, då det uansett ikkje fungerar med autofokus. I dagslys blir det krevande å komponere bilda med ei så vid linse.

-22 eller 24mm: Her går du klar den grovaste billedforvrenginga, samstundes som den er vid nok for store landskap. 

-50mm: Alroundlinse som fungerar både til gatefoto, personar, og landskap. Dei er ofte relativt små, og kan puttast i lomma saman med eit kamera av fornuftig størrelse.

-100mm macro: Passar godt for portrett, og ting litt lenger borte.

-300, 600 og 800mm: Her snakkar vi om hinsidige prisar for gode linser. Har du betalt 300000 for disse tre, er du nok i overkant opptatt av fuglefotografering. Dei fleste klarer seg nok med 150-500mm zoom med teleconverter. Då slepp du unda med ca 15000.

 

For crop kamera vert tilsvarande brennvidder omlag: 8mm, 35mm, 60mm

Spesialoptikk

-Fish eye: Meiningslaust objektiv med 180 grader synsfelt. Gøy i fem minutt.

-Tilt shift er eit svært nyttig objektiv. Det kan nyttast som vanlig linse, eller den kan tiltast for å sette opp bygningar, og lodrette linjer. Den kan også shiftast sidevegs, og få panoramabilder so ikkje vert bua.

Gode objektiv kostar ein del, men dei har god holdbarheit. Framfor å forsøke ein masse mellomklasseobjektiv, kan det lønne seg å gå for linser i toppsjiktet med det samme. Brukt, sjølvsagt. Det finnast nok av dei som må prøve alle objektiv, for å selge dei vidare til sterkt reduserte prisar, så utvalget i bruktmarkedet er enormt. Svært mange er så godt som nye.

Skjerm

Redigere bilder på ein laptopskjerm et travelt smått, og fargane blir ganske tilfeldige. Det er berre å samanlikne same bildet på fleire laptopar, og nettbrett. Det som er perfekt balansert på ein skjerm, ser ut som spy og galle på den neste. Du kan gjere lite med korleis andre ser bilda dine, men du kan sørge for at bildet du produserar ligg så nært opp til verkelegheita som mulig. Ein IPS skjerm på over 20 tommar gjer det heile litt lettare. Dette er ikkje noko som bør utsettast. Har ein fotografert, og behandla bildefiler eit par år, vert det eit skikkelig nakkeskot å oppdage at du har gjort alt feil den dagen du kjøper ein skikkelig skjerm. Omtrent som å brått oppdage at du dar gått med smekken åpen, utan undertøy i to år.

bottom of page