top of page
Havågneset

Havågneset er ein skjult løyndom på Eiksund. Sjølv om du leiter etter vegen dit, vil du likevel høgst truleg køyre rett faen forbi. Ved grundige kartstudiar kan ein likevel finne vegen dit, og det er ei litt skummel perle som åbenber seg. Skummel fordi stiane på neset leier deg rett inn på hyttetuna til framandfolk. Før du veit ordet av det kan du stå andlet til andlet med ein nudist, eller ein som øvar til krinsmeisterskapet i øksekasting. Særleg kan ein kombinasjon av slike karaktertrekk vere ei selsom oppleving. Sjølv tok eg omvegar gjennom krattskogen, for å unngå slike konfontasjonar. Er redd dette var ei heller tvilsam framferd, og ville ført til full utrykning og kverrsetting av fotoutstyr om eg hadde blitt observert. Det meste tyder derimot på at eg kun hadde firbeinte fylgarar denne dagen. Havågneset er best på øya i global oppvarming, og mange eksotiske plantar har funne fotfeste der.

Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
Havågneset
bottom of page