top of page
Indre Haddalselva

Indre Haddalselva samlar seg i Klungsdalskaret, ut frå Latemyra, som er halvvegs eit gjengrodd vatn. Nedfallsområdet er begrensa til dei bratte sidene mellom Blåtinden og Haddalshornet. Nedanfor Blåtinden, kjem ein større sidebekk frå ei lita kjønn. I vasskillet på ryggen mellom Hadalshornet og Grøthornet finn ein også fleire små pyttar som er starten på hovedløpet ned til Latemyra. Den totale lengda herifrå er 2,1 km. Elva har eit breitt løp nedetter bergsida i Klungsdalen, før den grev seg ned i dalsøkken mot Indre Haddal. Grunna det bratte og begrensa nedfallsområdet bør elva opplevast etter dagar med kraftig regn.

Indre Haddalselva
Indre Haddalselva
Indre Haddalselva
Indre Haddalselva
bottom of page