top of page
Roppehornet

Roppehornet byd på luftig utsikt mot Flø. Det er rett så bratt ned mot Fløvegen, og fjellsida går ikkje av vegen for å gjere det spanande for bilistane ved å løyse ein stein eller to. Ulsteinfolket startar gjerne turen på Gåsneset, medan Fløfolket startar ved Roppemarka. Det er mykje rovfugl her oppe, så ein lyt passe på om ein har med katt, eller hamster.

Flø frå Roppehornet
Indreflødalen frå Roppehornet
Trollvassegga frå Roppehornet
Trollhetta, Måsegylet og Roppegornet

Trollhetta, eller Bysshetta, er eit utspring langs ryggen ein fylg til Roppehornet frå Gåsneset. Nedanfrå vegen ser har knausen tydeleg form som eit ansikt, eller eit troll. Staden ein kan beskue denne personlegheita frå, heiter Trollet.

Trollhetta
bottom of page