Kjelstjønna

Kjelstjønna har form som ein kjel. Somme tykkjer det liknar på ein Kjell, og navnet vi finn på kartet er Kjellstjørna. Det er uvist kva for ein Kjell som har ein slik fasong, men legg vi godviljen til, kan den minne litt om Kjell Magne Bondevik. Rett nok endrar vatnet navn til Kjelvatnet når ein zoomar inn. Eit svært irriterande fenomen, som ein stadig kjem over når ein studerar digitale kart. Tjønna har eit par mindre tilsig frå Breidfjellet, og avløp til Lisjevatnet. Ein heldig hytteeigar kan nyte morgenpilsa på nordautsida av vatnet.

Kjelstjønna
Kjelstjønna
Kjelstjønna

© 2015 by Jørn Skeide.

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now