Sneldelida

Sneldelida ligg på enden av høgdedraget som startar på Skolma. Som ein skulptur, snor ryggen seg rund Rjupedalen med Rjupedalsvatnet. Mot havet går det bratt ned mot Svartevatnet, medan den mest brukte råsa tek deg ned til Brørevatnet, og grusvegen til Flø. Kjem du frå Ytredalen i Brandal, via skolma, lyt ein tøme sekken for det som er att. Er du heldig, finn du ei lunka pils som du hadde gløymt frå ein skitur vinteren 2014. Den smakar fortreffelig på Sneldelida.

 

Sneldelida mot Runde

© 2015 by Jørn Skeide.

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now