

Raudelva kjem frå vasskillet mellom Skeidshornet og Tverrvadet. Etter å ha passert under vegen til Nibben, forsvinn den inn i skogen. Bryt ein seg gjennom vegetasjonen, kjem ein ned i ei skattekammer av eit dalsøkk. Her finn ein ville stryk, buldrande fossar, og lodrette fjellsider som strekker seg like til himmels. Rett nok er alt i miniatyr, men under dei tette trekronene her nede i det trange dalsøkket får ein føling med villmark og isolasjon like ved bebyggelsen. Raudelva fortsett ovanfor byggefeltet på Skeide, og rundar skulen før denn finn havet like ved Ryssholmen.












