Smørkinna er enden av ei fjellrekke som strekker se frå Fløhornet. Mellom Veten ovanfor Fløhornet, og Smørkinna er det relativt flatt og utsøkt terreng å vandre i. Råser treng ein ikkje å fylge, då vegetasjonen er så snau at det minner mest om ei nyslått fotballbane. Frå smørkinna går det bratt ned mot Ytrefløvatnet. Her er også utsyn mot Svartevatnet, Skinnalidvatnet, og Rjupedalsvatnet. Andre vegen ser ein ned på Brørevatnet, der det er høveleg å starte frå, om ein skal vitje dette sauerike fjellpartiet.

© 2015 by Jørn Skeide.

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now
Smørkinna.jpg